maibel

skjedd i da siste

Skrevet 08.10.2017 klokken 22:25 | Kategori: maibel | Kommentarer: 2


Ei lita liste om ka som har skjedd på desse to månada eg ikkje har blogga.. ups 

☑ Fått muligheten til å bli meir den personen som eg alltid har ønska å bli, som e litt meir frampå og endå meir trygg på meg sjølv som person. 🖒

☑ Hatt mykje besøk i leiligheta i Bergen og føler meg skikkelig heima. 

☑ Fått orden på rommet mitt for da meste, har endå litt for mykje ting så får fjerna litt snart.

☑ Hatt litt småpauser frå instagram og bloggen, men satser på at da kjem inn i ein slags vane snart! ✍

☑ Allerede begynt å ordne med julegåver og e på god vei 🎅

☑ Gått mange turer ute og utforska byen + parker.

☑ Møtt mange nye folk og fått gode venner som eg kan vera meg sjølv med uten å føle meg dømt.

☑ Satser meir på hobbiane mine og øver stadig på å tegne ting frå fantasi.

☑ Slutta å tenke på ka folk tenker om meg og heller lever livet som eg har lyst.

Ei lita liste som kan sei ganske mykje om ka som har skjedd i da siste, og eg må beklage for at eg e så dårlig på å legge ut noko i da heile tatt. Har hatt mine stunder der da frister å blogge, men klarer aldri å fullføre eit innlegg før eg blir lei.

Om da e noko de vil eg ska blogga om, så rop da ut! 

 

. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

2 kommentarer

Frønningen i Sognefjorden

Skrevet 25.07.2017 klokken 20:58 | Kategori: maibel | Kommentarer: 5


Til helga som kjem så skal eg ein tur til ein plass i Sognefjorden som heiter Frønningen. Da har blitt ein tradisjon å reisa inn der iallefall ein helg om sommaren og da e SO godt å komma seg vekk frå alle billyda, butikka og alt i alt. Skal berre vera der frå fredag til søndag, så blir berre ein liten tur. Men gjett om da skal bli godt! Etter tre veker med mykje jobbing og mykje jobbing i neste månad også, så skal da bli godt med ein liten pause.

For å komma inn til den plassen, så må ein bestilla sånn at båten går innom den lille brygga og når me alltid kjører i land så ser du alle turister som står og ser på. Så da ender fort opp med at me står og vinker til den har kjørt vidare. Håper berre da blir fint vér når me skal innover, sånn at me får sitta ute på dekk. 

Skal inn med mange av familiemedlemmane så detta skal bli kjekt og me får håpa da ikkje blir FOR lange netter!

Gjett om da blir mange bilder, omringa av natur og fine folk å ta bilder av. 

Anbefaler virkelig å besøke den plassen ein gong!

Her e eit lite bilde frå eine av gapahukane som e der oppe. Og da e så nydelig utsikt når sola går ned bakom fjella. E snakk om at me ikkje skal leia den i år, men me får sjå ka som skjer. Me håper på da beste
 

. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

5 kommentarer

stor interesse

Skrevet 01.08.2016 klokken 14:51 | Kategori: maibel | Kommentarer: 6


Hallaisen! 

Eg følte eg kunne endelig skrive litt om meg sjølv. Altså, eg har ikkje tenkt så mykje over ka som e interessa mine men eg kan fortelle om dei som eg iallefall veit om. 

⚜️ Foto - alltid ein interesse for å ta bilder av naturen, men gjekk på folkehøgskule i fjor og då kom interessen veldig. Kjøpte fleire objektiver til kamera og e litt forelska i makrofotografi. 

⚜️ cosplay - sjølvsagt kjem interessen for cosplay med animen og manga, tok meg ei stund før eg turte å kjøpe noko som eg kunne bruke til å føle meg "annerledes" men eg vil begynne å etterligne animekarakterer, må berre finne ut kass. Eier også 3 parykker no som eg syns da alltid e morro å ta på og kle meg "litt" ut som ein annen person.

⚜️ Anime/manga - begynte vell tidlig med å bli interessert i anime og den slags då eg såg på pokemon og vidare til eg såg på mewmew powers på youtube og da åpna ei ny verd for meg. Eier berre ein halv mangaserie sjølv, men leser mykje på nett.

⚜️ Tegning/maling - begynte som lita jente å tegne, var vell først etterligning etter prinsesser også over til pokémon. Vidare gjekk da til animekarakterer då da begynte. Og no har da komt så langt at no maler eg til og med karakterer på t-skjorter. (kan også ta bestillinger på da om nokon e interessert) 

Einaste problemet med når eg tegner e at eg må ha noko å sjå etter og har veldig liten fantasi når eg tegner fritt. 





E kanskje ikkje alle som veit om da med cosplay delen, så følte iallefall at familiedelen som leser dette har litt "godt" av å vite da. Veit allerede at nokon veit om da, men no veit også de om da. Hat fått mange kommentarer på at å tegne da kan eg, og at toppane mine som eg maler på e fine. Har nokon topper eg skal male til nokon, men e alltid åpen for nye ønsker. 

Håper de likte at da kom eit sånt innlegg også på denne loggen, og btw, eg skifta designet til eit mykje meir oversiktelig eit. 

Sitter her og håper på at da skal bli fint vér ein dag no, sånn at eg kan ta litt bilder også. Og om da e interesse for da så kan eg dele fleire bilder og tegninger på denne sia. 

Ha ein fin dag!

. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

6 kommentarer

Dialekta mi

Skrevet 20.02.2016 klokken 11:51 | Kategori: maibel | Kommentarer: 0


Ein ting mange har reagert på her på skulen som eg går på, (altså Lofoten folkehøgskule) e dialekta mi. I starten så hadde mange problem med å forstå ka eg sa eller meinte. Dei forstod kanskje berre nokon av orda og fekk ikkje sammenhengen til å gje meining. Men etter kvart så har dei gått ifrå å ikkje forstå til å forstå da veldig greit. No kan eg i da minste snakka uten å ha da "hæ?" blikket kvar gong. 

No i da siste har eg fått spørsmål om korfor eg ikkje snakker likt som andre bergensare her på skulen, men da e berre pga eg kjem frå ein plass UTAFOR Bergen, ikkje sjølve byen. 

Eg har kanskje meir nynorske ord enn bergensare, men eg skal ærlig sei at eg e veldig glad i den dialekta eg har. Og om de lura på ka dialekta eg snakker heiter, så heiter den stilamål/stril. For eg har nemlig fått litt oppmerksomhet pga den, og har fått nokon kommentarer rundt omkring som seier at dei liker at eg skriver på dialekt på forskjellige plasser.

Kass dialekt har du? 


 

. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

0 kommentarer

Kem er eigentlig Maibel?

Skrevet 20.04.2014 klokken 16:49 | Kategori: maibel | Kommentarer: 2


Det er faktisk eit spørsmål som har surra rundt i hovudet på meg sjølv i ein god stund, og for å vere ærlig så aner eg ikkje kem Maibel er. Har aldi heilt vert sikker på kass person Maibel er men sånn er det vell med alle, at liksom andre kjenner deg bedre som ein person enn du sjølv gjer. Eg føler at folk får lære å kjenne meg meir og meir no for tia og eg er ikkje redd for å dumme meg ut. Har også hørt at eg er lettare å snakke med no enn det eg har vert tidligare, og det kan kanskje ha litt med at Anders kom inn i livet mitt og fekk meg til å gjere ting eg ikkje trudde eg kunne. 

Begynner sakte men sikkert å få vite litt og litt meir om meg sjølv. Igjennom arbeid så finner eg ut ka som du kan kjenne igjen på mine arbeid som eg har laga. Som f.eks eg er veldig glad i naturen og lar det komma nokon preg av ting som du finn i naturen. Eg har vert igjennom ein del i livet, men alt har ikkje vert skikkelig interessant. Blei født med ein dårlig rygg som førte først og fremst til at det var fleire gonga eg hadde skikkelig vondt i ryggen og ein dag på barneskulen så klarte eg ikkje gå med sekken på ryggen, så det endte med at eg hadde med meg ein rullekoffert opp på skulen med alle tinga mine i. Husker eg var ganske flau over å ta den med meg inn i klasserommet, så den stod igjen inni mellom sofaen og veggen. 

Men ein ting er nok sant, eg er ein ganske unormal ungdom når eg nevner at eg er ikkje så glad i pizza, is, godteri, bading, festing osv. 

Orker virkelig ikkje skrive eit så langt innlegg om meg sjølv, så du får heller ta kontakt og spørre om det er noko du lurer på. :]

Kjenner du deg sjølv?









. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

2 kommentarer

Maibel's 2013

Skrevet 15.01.2014 klokken 23:52 | Kategori: maibel | Kommentarer: 0


✿ Gjekk på skule på Hjeltnes- for å bli ein blomsterdekoratør. 

✿ Blei 18 - den 30. mars

✿ Feira 1881 med morfar og familien. (Eg blei 18 og han blei 81)

✿ Farga tuppane av håret gul/oransje, men skulle eigentlig vere blondt.

✿ Møtte mange nye folk. 

✿ Skuleavsluttning på Hjeltnes


Til tider savner eg klassen min, og kordan det var å bu på eit internat.

✿ Tur til Arendal med mamma for å møte familien til Oddvar (kjærasten til mamma)

På ferietur med pappa og Heidi - Spania, Portugal, Frankrike, (Monaco) & London.

✿ Var på Queen musikal i London med pappa & Heidi

✿ Eit år sia farmor døde. (oktober)

✿ Begynte som læring på midten av August - som blomsterdekoratør så klart. 

✿ Fekk lage noko til eit bryllaup den første veka som lærling.


✿ Fekk oppleva min første jul og nyttår på jobb, travelt!

✿ Feira jul med pappa og Heidi (kjæresten til pappa) ++ 

✿ Det var nesten ikkje nokon raketter på kyrkjebakken på Myking, skuffande.

. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

0 kommentarer

Familien min betyr det meste.

Skrevet 27.12.2013 klokken 23:54 | Kategori: maibel | Kommentarer: 0


Men sjå då, ser det ikkje ut som ein herleg bukett av forskjellige folk? Det syntas allefall eg! 

Eg er skikkelig glad for at nesten heile slekta mi bur på same plass som meg. For når du føler for å besøke nokon, så er dei i nærheten, og det er alltid like kos å møte på  ein eller annen som smiler til deg og du veit at den personen liker deg for den du er. Eg kunne ikkje tenkt meg å bytte ut nokon som helst i familien min, for den er fin sånn som den er. Det er nokon som ikkje er i "familien" min lengre på bilete nedanfor. Eg er veldig glad i ein kvar, men er nok mest glad i farmor uansett ka som skjer. Ho kjem alltid til å ha ein spesial plass i hjarta mitt og det er det mange andre som har også.

Det er litt morsomt at eine sio av slekta mi er ikkje musikalsk i det heile tatt, mens den andre er skikkelig musikalsk. Tenker ofte på kor forskjellige dei to sidane eigentlig er, og det er faktisk ikkje så mykje som er likt. 



. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

0 kommentarer

alltid vert den samme

Skrevet 26.12.2013 klokken 22:30 | Kategori: maibel | Kommentarer: 1


Vedder på at de begynner å bli vandt til at det kjem seine innlegg heile tia. Det har seg sånn at kvar gong det er mørkt og koseligt inne, så kjem eg på ka eg burde skrive om, men skal nok prøve å skrive litt tidligare enn dette nokon gongar også då. Men ein ting, long time no see. Eg veit at eg ikkje er den flinkaste til å blogge regelmessig, men eg kan prøve å blogge litt meir enn eg gjer no. Akkurat no sitt eg her og ser igjennom nokon gamle bileter som pappa har på pcen hans, ganske rart å tenke på at eg har jo ikkje forandra meg så veldig mykje gjennom tidane. Eller har eg? 

//spørsmålsrunde//



//29. juni 2006


//17.april 2009

//28.april 2009

//19.august 2011

//19. august 2011

//17. juni 2012

//17. juni 2012



//18. juni 2012

//19. juni 2012


//25. august 2013

. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

1 kommentar

Annleis/annerledes

Skrevet 17.12.2013 klokken 22:36 | Kategori: maibel | Kommentarer: 2


Har tenkt mange ganger at eg skulle skrive det om å vere annleis, men det endte aldri med det på nokon av dei tidligare bloggane mine. Har mange ganger fått kommentar at eg er ikkje så veldig lik andre jenter på min alder, men det er eg ganske klar over. Men eg er faktisk glad kordan eg er, utenom at eg holder litt for lenge på det negative som har hendt igjennom tider. Eg er ganske glad å høre at nokon syntes eg ikkje er lik som nokon andre, for det har eg ikkje lyst til å vere. Unnskyld, men eg har ikkje så veldig lyst å bli sammenligna med nokon som helst.


Eg føler ikkje for å sei at eg ligner på den og den personen, men har ikkje hørt det ifrå så mange heller. Har fått nokon kommentarer at eg ligner på Selena Gomez, men eg klarer rett og slett ikkje å sjå det.. Veit at dei meiner utsjånaden min, men klarer forsatt ikkje å sjå det. Nokon seier at alle har nokon som dei ligner på, men eg ligner ikkje så mykje på nærmaste slekt heller, har kanskje litt ifrå kvar og ein, men det er ikkje så veldig likt.

Ikkje så veldig mange som skriver blogger med den dialekta som eg gjer heller, men eg veit nokon bloggare rundt her eg bur som skriv sånn og då men. Hører ofte at det er kult at eg skriv sånn på bloggen, men det syntast eg nesten at eg må. Då eg var mindre, så var eg veldig mykje med fetteren min som er ifrå Bergen, så eg skreiv veldig mykje bokmål. Men eg tenkte aldri over det, før lenge etterpå ser eg det på ting eg har skrevet, at eg skreiv ting som "ikke, mye, jeg (til tider)" osv. Er eigentlig litt morosamt, men no vil eg skrive meir og meir dialekt eller nynorsk, som nokon seier det er. 

Ein ting som gjer meg kanskje litt annleis er at eg hater å bruke sminke, det føles tungt på fjeset og føler meg rett og slett skitten. Men det eg virkelig hater om eg har på meg sminke, er når eg skal fjerne det. For det tar evigheter og du kan liksom ikkje sove med det, for det kan ødelegge huden. Men på bilde under, så har eg berre tatt sminke på, for å illustere kor stor forskjellen kan vere på kvar person. (Eg er ikkje flink til å sminke meg, men eg bryr meg faktisk ikkje ka folk synast om det) 

Ka gjer deg så annleis?



. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

2 kommentarer

hits